Men hjelpte alt dette, vart eg noko klokare av dette djupdykket? Vart eg meir meg sjølv? Tja. Eg veit ikkje. Når eg likevel fortel dette, er det jo fordi det for mange er ein del av identiteten: kva ein trur, kvar ein står i fellesskapet av truande. Somme av oss har dette med oss frå barndommen, somme av oss har aldri blitt heilt fortrulege med det vi har fått med oss. For somme av oss har det også vore ei bør. Då eg forstod at eg aldri kan seie heilt klart kva eg trur på, at det går ikkje opp, sleppte noko taket. Det gjorde godt å bli kvitt ei slik indre tvangstrøye, eit absurd krav om å skulle velje side i eit slags ja eller nei til den store Gud. Før var dette så viktig, å ha eit klart svar. Kanskje fann eg ut at å vere seg sjølv er å ikkje måtte svare på spørsmål ut i frå premiss andre har skapt. Om nokon spør meg, vil eg seie at eg veit ikkje heilt kva eg trur på, men eg veit om mange ting eg ikkje trur på. Det mest overraskande for min eigen del er at konklusjonen ikkje lenger er så viktig. Det frigjerande har vore å stole på eigne erfaringar i staden for å leite etter ei stor sanning der ute. Det går an å stå der i den indre stormen og vere på sitt eige parti. Det undrar meg at det tok fleire år å komme fram til dette relativt enkle og tilforlatelege utgangspunktet. Men kanskje er Vårt Land-lesarane blant dei som lettast kan forstå det komplekse og sårbare i dette. No kjennest det som om eg har forlate eit støyande og kaotisk lokale. Det verka så dramatisk der inne. Eg vil hugse dette, så kan eg kanskje forstå andre. Mest sannsynleg vil slike indre drama likne på kvarandre, også om utgangspunktet er annleis. Kva skjer med oss når vi tenker at vår tru er så viktig at ho utløyser ei slags guddommeleg godkjenning eller ikkje, at vi deretter hamnar innanfor eller utanfor i eit kosmisk rekneskap? Å kunne legge bort spørsmålet om kva ein trur på, er ei lette. R.
0 Comments
Leave a Reply. |
stemmer fra en annen virkelighetMennesker med bakgrunn fra ulike trossamfunn forteller. Kategorier
All
|